MENY
I'M PAGE

Arkivplan

Ein arkivplan viser kva arkivet inneheld og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags instruksar, reglar og planar som gjeld for arkivarbeidet. Ifølge arkivforskriften § 4 skal alle offentlege organ ha ein oppdatert arkivplan.

Arkivplanen skal brukas til å halde kontroll med arkivarbeidet i organisasjonen. I arkivplanen skal organisasjonen dokumentere kvar arkivansvaret er plassert, og korleis arkivfunksjonen er organisert. Me har samla ein oversikt over krav til innhald og oppbygging av arkivplanen. Dette spegler det som står i Riksarkivarens forskrift og Arkivverkets heimesider.

Dei fleste eigarne våre har offentleg arkivplan hjå arkivplan.no.

IKA hjelper eigarane med å utarbeide og oppdatere arkivplanane.

Nettverksgrupper

Me arrangerer nettverksgrupper for arkivplanlegging og internkontroll. Målgruppa er arkivansvarlege i eigarkommunane og andre som jobbar med arkivplan og internkontroll.

Møta varer normalt frå kl. 09.00 til ca. kl. 14.00. I 2021 går disse møta digitalt på Teams.

Ansvarleg for møta er rådgjevarane hjå IKA Rogaland: Lin Øiesvold og Beate Aasen Bøe

 

 Her finn du ein oversikt over gruppene.

Bevaring og kassasjon

Offentleg arkiv som har ein stor kulturell eller forskingsmessig verdi, eller har ein rettsleg eller forvaltningsmessig verdi, skal bevarast for ettertida. Materiale som ikkje skal bevarast, kan kasserast slik at det kan slettast eller destruerast når det ikkje er bruk for det meir. For dette materiale skal det utarbeidast ein bevarings- og kassasjonsplan.

IKA har utarbeida ein bevarings- og kassasjonsplanmal, som medlemane til Rogaland kan bruke fritt og forme til sitt bruk:

Bevarings- og kassasjonsplanmal for IKA Rogalands eiere

Veiledning til Riksarkivarens forskrift

Aktuelt fra IKA4

Den nye bevarings og kassasjonsmalen er klar

Den nye og reviderte bevaring og kassasjonsmalen er no klar og ligg tilgjengeleg under “arkivplan”!    …

Utlysing av utviklingsmidlar på arkivfeltet 2021

Første oktober er frist for å søke utviklingsmidlar på arkivfeltet frå Arkivverket. Det er satt av 12,3 millioner til dette formålet. Målgruppa er offentlege og private institusjonar som bevarer, gjere tilgjengeleg og formildar arkiv. Kommunar og fylkeskommunar kan også søke åleine eller saman med andre. Det er to programområde. Det eine er vidareutvikling av privatarkivfeltet. […]…

Lesesalen stengt i uke 28 og 29

På grunn av ferieavvikling vil ikke IKA betjene lesesalen i uke 28 og 29.…

Siste nytt fra Facebook

Comments Box SVG iconsUsed for the like, share, comment, and reaction icons

This message is only visible to site admins
Problem displaying Facebook posts.

Error: Error validating access token: The session has been invalidated because the user changed their password or Facebook has changed the session for security reasons.
Type: OAuthException
Code: 190
Subcode: 460